Prosjekt

Lyssetting av båthus

Langt inni fjellet ligg det to uvanleg flotte «båthus» som eg var så heldig og bli spurt om å belyse. Eg fekk nokre gamle materialar frå dei opprinnelege bygga eg nytta til å laga ‘Hysjutt’ vegglamper, indirekte ledstripe skjult av ei trelist, ‘Krunæ’ taklamper og nokre spotskinner. 
Heile prosessen var kort forklart ei synfaring på plassen før eg oversendte teikningar, illustrasjonsfoto for produkt og eit tilbod. Etter akseptert tilbod sette eg i gang produksjon av produkta før dette vart montert på plassen saman med ein sertifisert el-installatør.
På denne hytta er det solcelleanlegg og 12 Volt, men med dagens teknologi gjev det heldigvis ingen begrensningar for belysning. Nydelege 12 Volt filament-ledpærer er fullt mogleg å få tak i og kan dimmast ned eller opp til rett nivå, og med ca. 3W per lyskilde stjel det ikkje for mykje av kapasiteten på anlegget.

  • Velkomen til fjells!

Omgjering av soverom med plassbygde køyesenger

  • Før bilete

På dette prosjektet ynskjde kunden at det skulle gjerast om frå 3 til 2 soverom og at det så skulle plassbyggast køyesenger med nattbordshyller og skuffar på soveromma.
2 deleveggar måtte rivast, ein ny vegg settast opp midt imellom, døråpningar flyttast og kles at. Eg brukte opp att kledningen frå ein av deleveggane og fekk tak i same panel til å tette at døråpningane ut i mot gangområdet. Kunden ville sjølv behandle sengane seinare.
Levert tilbod og utført jobb på fastpris.

Ny tv-stugu og kontor i fritidsleilegheit

Dette oppdraget gjekk ut på å rive eksisterande kledning bak tv, forlenge delevegg som vart kledd med liggande glattpanel på begge sider, innbygd kontorpult og plassbygd innreiing. Alt behandla med same farge. Monteringsjobben skulle gjerast i løpet av to dagar så derfor måtte materialane hentast inn til verkstaden i god tid før for akklimatisering og behandling slik at alt var klart for montering.
Levert tilbod og utført jobb på fastpris.

  • Før - tvstugu

Lyssetting og innreiing i hytte

  • 'Glepu Tæppætikk' over spisebord.

Det var tida for å oppgradere hytta og då var eg så heldig at kunden valde å henvende seg til meg. Eg kom på ei synfaring og leverte tilbod, teikningar og illustrasjonsfoto som synte både belysning, interiør og senger. Etter litt fram og tilbake med endringar vart det grønt lys og produksjon kunne igangsettast. Eg leverte m.a. ‘Glepu Tæppætikk’, vanleg ‘tæppætikk’, ‘Hysjutt’ vegglamper og ‘Myljo‘ vegghyller.
På denne hytta er det solcelleanlegg og 12 Volt, men med dagens teknologi gjev det heldigvis ingen begrensningar for belysning. Nydelege 12 Volt filament-ledpærer er fullt mogleg å få tak i og kan dimmast ned eller opp til rett nivå, og med ca. 3W per lyskilde stjel det ikkje for mykje av kapasiteten på anlegget.

Handlekurv