Tenester

Bestillingsverk lamper

Fleire kan ha lyse idéar, men ikkje alle har kunnskapen til å setje dei ut i livet. Om du har sett ei lampe du ikkje får tak i, sit klar med ein draum eller kanskje du har ingen annan tanke enn at her må det vere lys – då er Lyse Idèar den rette for å hjelpe!

  • Betonglampe over spisebord

Lysdesign

Ved å oversende planteikningar kan eg tilby prosjektering av komplett belysningsanlegg med teikningar som viser nøyaktig plassering av punkt klart for elektromontør, inndeling av lyssoner og forslag av produkt, anten eksterne eller frå eigen produksjonsline.
Eg kan og foreslå løysingar og oppsett for smart lysstyring og tilby programmering av Eaton X-comfort.

Referansar finn du her under prosjekt.

Innreiing og interiør

Her er det berre kreativiteten som set grenser!
Kjøkken- og baderomsinnreiing, kommoder, senger, skåp, rammer, korger, bord, benkar og mykje, mykje meir. Og alt dette unikt tilpassa akkurat deg og dine ynskjer. Handlaga – lokalt.

Referansar finn du her under prosjekt.

  • Kjøkken i bustad

Restaurering av gamle lamper og møblar

  • Restaurering av lysekrone

Ofte vert gamle lamper øydelagt mellom anna som følge av å ha vore utsatt for varmgang over tid ved bruk av halogen-lyspærer. Då kan den få nytt liv ved å trekke om ledningar og montere nye lyspæresoklar, for så å gå over til led-pærer som sikrar trygg bruk i mangfoldige år framover.

Eg er også veldig glad i å fikse på gamle benkar og andre møblar, og om det må nokre nye bitar til har eg materialar i dei fleste farger og variantar liggjande som kan gli rett inn med det gamle.

Småjobbar

Her i Lyse Idéar er ingen oppdrag for små!
Ofte har ein meir enn nok å drive med i det daglege, både private og bedrifter, slik at gode prosjekt aldri vert iverksatt. Eg er svært strukturert og nøye, har stor gjennomføringskraft og kan laga eller bygge det aller meste, anten det er ei lita grind, eit gjerde, innsetting av dører, ein utebod, innreiing av kontorfelleskap eller noko heilt anna eg ikkje har gjort endå.

Referansar finn du her under prosjekt.


  • Grind

Riving av gamle bygg

Eg er alltid på leiting etter nye materialar så ta gjedne kontakt om du har ei gammal lú, låve, skur eller liknande du ynskjer å donere til ein god sak. Og kven veit, kanskje det då dukkar opp ei lampe av dei gamle materialane på døra di ein dag?

Handlekurv