‘Skrymslæ’ bordlampe

kr 1.090,00kr 1.190,00

Skrymslæ er halling for å ta til å mørkne eller verta mørkt.
Og får du ikkje lyst til å setta deg godt til rette framfor peisen med ein kopp kakao og trekke eit ullpledd over deg når du kviskrar ordet skrymslæ lågt til deg sjølv? Så set du fram den flotte bordlampa di forma som ei stjødne (stjerne på halling) sidan det no tross alt tek til å skrymslæ litt meir, kveld for kveld. Og då fer ein det brått litt lysare og trivelegare, akkurat slik det skal vere på denne tida av året. Lampa kjem i fargene drivved, solbrent svart eller vérslitt kvit.

Kan leverast anten til standard 230 volt eller som hyttelampe til 12 volt og solcelleanlegg.

Dokumentasjon

CE-godkjend, IP32, Isolasjonsklasse II.

Farge

Drivved, Solbrent svart, Vérslitt kvit

Lyskilde

2100k, 230V, 70lm, E14

Spenning

12V, 230V

Tilkobling

Lampettledning m/brytar

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “‘Skrymslæ’ bordlampe”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Handlekurv