‘Krøkjin’ bordlampe

kr 1.290,00kr 1.390,00

Krøkjin er halling for å bøye eller gjera krokut.
Og den gonga eg laga ei rett lampe til far min og han spurde om “e´kji hellde kunna krøkji´n?” vart denne artige bordlampa resultatet. Den er eit fascinerande skode med alle sine vinklar og den flotte svarte stoffledningen som svingar seg i bogar gjennom det gamle treverket. Sidan bordlampa er ganske smal får den plass i dei fleste glaskarmingar eller settebord og er eit flott tilskot til interiøret samstundes som den gjev eit fint og behageleg lys.

Kan leverast anten til standard 230 volt eller som hyttelampe til 12 volt og solcelleanlegg.

Dokumentasjon

CE-godkjend, IP32, Isolasjonsklasse II.

Lyskilde

130lm, 2000k, 230V, E27

Spenning

12V, 230V

Tilkobling

Svart tvinna stoffledning m/brytar

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “‘Krøkjin’ bordlampe”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Handlekurv