Lu er halling for ei fórløe, anten som eige hus eller eit fórrom i låven.
Og i akkurat dette tilfelle var det eit eige hus midt på jordet til garden Settungsgard her i fjellbygda Vats, Ål. Bygget vart plukka ned våren 2020, sortert for seg sjølv og vert no seld ut som ein unik lampekolleksjon så lenge materialane heldt.
“Fórlua frå garden Settungsgard i fjellbygda Vats, Ål.
Dei nytta dette bygget for vinterlagring av fór til dyra då det var veldig begrensa med lagringsplass på gardane før.
Løysinga var mellomlagring i slike bygg igjennom vinteren. Fóret vart henta med hjelp av hest og slede etter at snøen var komen.
Bygget var truleg sett opp i 1920-30 åra og fortset sitt liv no som lamper f.o.m. år 2021″
Kan leverast anten til standard 230 volt eller som hyttelampe til 12 volt og solcelleanlegg.
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.